Røykvarslar reddar liv!!
Om det oppstår brann, handlar det om minutt og sekund for å redde liv. Røykvarslaren er heimens viktigaste livreddar og bør testast jamleg. Dei fleste røykvarslarar har ein testknapp som ein skal halde inne nokon sekundar for å sjekke at den verkar. Det er også viktig å reingjere desse. Brannvernforeninga anbefaler at ein støvsugar på svak styrke slik at ein fjernar støv og andre lause partiklar som har samla seg opp. Vær forsiktig så du ikkje skadar elektronikken.
Røykvarslarar i bustad må minst dekke områda kjøkken, stove, tekniske rom og sone utanfor soverom. Det må minst være ein røykvarslar pr. etasje.
1.desember er røykvarslarens dag
1.desember er røykvarslarens dag - og er ein fin påminning om å bytte batteri og teste røykvarslaren.
Kjenner du eldre eller andre som kanskje ikkje får til dette sjølv? Idag kan være ein fin dag å hjelpe.
Nytt anlegg?
Har du eit nyare brannvarslingsanlegg utan batteri i kvar varslar, skal dette også vedlikehaldes. Les bruksanvisningen, eller ta kontakt med leverandør for opplæring i vedlikehald og test rutinar.
Brannvarslingsutsyr som verkar, reddar liv!!!!!