Innføring av smarte straummålarar (AMS) var ei viktig modernisering av straumnettet både her i Kvam og i resten av landet. Nye AMS-målarar sikrar blant anna at du ikkje betaler for meir straum enn du faktisk nyttar. Alle abonnentane i vårt nett har i dag installert AMS-målar. Visste du at denne nye type målar kan gjere meir enn å lese av og rapportere inn straumforbruket ditt?
AMS-målar - dette er greitt å vite
Ein AMS-måler registrerar og innrapporterar straumforbruket ditt til oss i nettselskapet. Denne rapoporteringa er heilt ned på timenivå. Du slepp dermed å lese av og sende inn forbruket ditt. Men like viktig: du er sikra at du kun betalar for det faktiske straumforbruket ditt.
AMS-målaren har fleire fordelar:
Jevnare belastning på nettet vil redusere risikoen for overbelastning og straumbrot.
Ved evt. straumbrot blir feilen raskare identifisert og retta opp.
Du kan skru av straumen i heile bustaden. Dette kan vere praktisk dersom du t.d. stengjer hytta for sesongen, eller når bustad skiftar eigar eller leigebuar.
Med nye AMS-målarar kan du no lettare følge med på eige forbruk, analysera forbruksmønsteret ditt og få hjelp til smartare straumbruk.
HAN-porten gir deg tilgang til nyttig data
Om du ønskjer å styre straumforbruket ditt betre, kan det vere ein idé å bestille opning av HAN-porten på straummålaren din. Dette kan du gjere her
I den nye AMS-målaren i sikringsskapet ditt er det ein eigen fysisk utgang kalla HAN-porten (Home Area Network). Data frå HAN-porten kan brukast til å optimalisere smathus/smartheim-løysingar eller følge opp eige forbruk.
HAN-porten er i utgangspunktet stengt av, og du må sjølv gje nettselskapet beskjed om du ønskjer å opne porten. Tenesta med HAN-port er gratis og når porten er opna får du detaljert informasjon:
straumforbruk ved avsjekk
strømforbruk siste time
spenningsnivå
Når porten er opna kan du sjølv kople til kommunikasjonsløysingar eller “smarthjem”-tenester., og du vil trenge utstyr som du koblar på HAN-porten. Dette er utstyr og løysingar du må du bestille hjå andre leverandørar. Sjå oversikt på Norsk elektroteknisk komite.
Hugs at det berre er du som kan lese av data frå HAN-porten, det er din eigedom. Nettselskapet eller ein eventuell tredjepart får ikkje tilgang til data frå HAN-port utan at det først er avtalt med deg.