Norgespris

Norgespris er ei sikringsordning som sikrar at straumprisen (timeprisen) du skal betale for krafta, før eventuelle påslag til kraftleverandøren din, vert 50 øre inkl. mva heile året.
Dei timane prisane er høgare enn 50 øre hos kraftleverandøren, betalar Staten det overskytande.
Dei timane prisen er lågare enn 50 øre, lyt du betala mellomlegget opp til 50 øre.

På same måte som for Straumstøtta er det nettselskapa som er sett til å berekne beløpa og ta dette med på faktura for nettleige, sjølv om ordninga ikkje har noko med nettleiga å gjere.

Om du tingar Norgespris på kraft, vil altså kraftleverandørane fakturere kraftavtalar som vanleg, og nettselskapa fakturerer sikringsordninga i tillegg til nettleiga.

Du kan ikkje få både straumstøtte og Norgespris samstundes på same målepunkt.

Du må fortsatt ha ein straumavtale med ein straumleverandør.

Film Dette er Norgespris

Slik fungerar Norgespris

Norgespris gjev deg lik pris heile året

Vel du Norgespris, betalar du 50 øre/kWh med mva heile året. Det betyr at du enten vil få eit frådrag eller eit tillegg på nettleigefakturaen din. I tillegg til å betale Norgespris må du og betale nettleige, avgifter og eventuelt påslag fra straumleverandøren.

Bustader i Nordland, Troms og Finnmark betalar ikkje mva på straum. Det betyr at desse betalar 40 øre/kWh

Ordninga gjeld for hushaldningar sitt straumforbruk i bustader og fritidsbustader. Norgespris gjeld opp til ei maksgrense per månad:

5 000 kWh for hushaldningar

1 000 kWh for hytte/fritidsbustader

For forbruk over dette betalar du den prisen du har avtalt med straumleverandøren.

Bindingstid

·        Norgesprisen på 50 øre med mva gjeld for perioden frå 1. oktober 2025 til 31. desember 2026.

·        Du kan bestille Norgespris når som helst i perioden. Avtalen gjeld frå datoen du bestiller.

·        Du har 14 dagers avbestillingsfrist frå du bestiller.

·        Når avbestillingsfristen har gått ut er straummålaren din bunden til Norgespris ut avtaleperioden, det vil seie fram til 31. desember 2026.

Slik bestiller du

Bestillingsløysninga for Norgespris er no klar.

Du utfører bestilling på elhub.no. Der må du logge inn på minside.elhub.no med elektronisk ID (BankID, MinID, Buypass og Confides).

Dersom du har problem med å bestille digitalt, har andre spørsmål eller treng hjelp kan du kontakte nettselskapet ditt.

Har du fleire straummålarar registrert på deg, må du bestille Norgespris for kvar enkelt straummålar. Du kan velje om du vil ha Norgespris på ein eller fleire straummålarar.

 Unngå svindel

·        Du bør ikkje klikke på lenker i e-postar.

·        Ingen skal inn i bustaden din i samband med Norgespris.

·        Du må fortsatt ha ein straumavtale med ein straumleverandør.

Bør eg velje Norgespris?

Film Norgespris -Dette bør du tenke på

Frå og med 1. oktober 2025 og ut 2026 kan alle hushaldningar no velje Norgespris i staden for straumstøtte. Det betyr at du bør vurdere kva for ein av ordningane som passar best for deg.  

Samanlikning av straumstøtteordninga og Norgespris

Dette må du vite før du vurderar Norgespris: 

Ver merksam på at det er vanskeleg å forutseie framtidige straumprisar, og det er derfor ikkje mogeleg å seie med sikkerhet om det lønnar seg. Dette er kun ein veiledning og hjelp til å vurdere om du bør velje Norgespris. Dette er ikkje ein fasit. 

Vel du Norgespris får du ein forutsigbar straumpris gjennom heile året. Ordninga gjev deg ein fast pris per kWh for straumforbruket ditt - også dersom straumprisane er lågare i straummarknaden. Dagens straumstøtteordning gjev ein forsikring mot dei høgaste straumprisane, og straumprisen vil variere med svingingane i straumprisane.  

Før du vel Norgespris bør du og tenkje på:  

  • Kvar i Norge bustaden/fritidsbustaden befinn seg. Me har fem prisområde (budområde) for straum i Norge. Det kan vera stor skilnad mellom prisane i dei ulike områda. Til dømes har spotprisen dei siste åra vore langt høgare i NO2 (Sørlandet) enn i NO4 (Nord-Norge). 

  • Korleis straumforbruket ditt varierar gjennom året. Då bør du tenkje på når på året du har størst forbruk. Straumprisen er typisk høgare i vinterhalvåret enn i sommarhalvåret. 

  • Du kan logge deg inn på  minside.elhub.no for å sjå korleis Norgespris ville ha påverka straumrekninga di for tidlegare år.  

  • Straummåleren er låst til Norgespris ut bindingstida som går til 31. desember 2026.  

  • Dersom spotprisen vert lågare enn Norgesprisen i bindingstida, kan du ende opp med å betale meir enn utan Norgespris.    

  • Skal du flytte, må du vere klar over at Norgespris er bunden til straummålaren din og ikkje deg som person.  

  • Er det ein fritidsbustad? Klikk her for å lese meir om kva du bør tenkje på.